Ein "ny start" på Haugen gard?

Skulen er blitt meir og meir teoretisk og har mindre muligheter for praktisk opplærling. Det hender at elevar kjem i ein negativ sirkel fordi dei gong etter gong opplever nederlag og at dei ikkje får til skuletinga. Det skal ikkje alltid så mykje til for å snu det. Fleire gonger har me sett at ein positiv og heilt annleis dag i veka er nok!

Me ser at læring føregår på mange nivå på garden. Det er viktig sosial trening i forhold til medelevar, vaksne og dyr. Sidan det er mange skular elevane kjem frå, treff dei nye folk og det oppstår nye vennskap på tvers av bygdene.

Mange fag er representert i løpet av ein dag, gjennom praktiske oppgåver og læring ved å gjera. Motivasjonen forå ta imot kunnskapen er ofte heilt annleis for eleven, -det opplevest ikkje som skule. Dei mange ulike dyra på garden gjer at dei fleste kan finna seg eit dyreslag dei trivst med. Det er mange jobbar både på garden og i skogen. Etter kvar dag her vert det sendt rapport i form av ein lettlest mail til skulen/heimen. Dermed kan ein også jobbe videre med gardsdagen på ulike måtar.

 

Heim 

Ny start

Drifta på garden

Aktivitetar

Skulefag

Praktisk informasjon

Etterarbeid

Om oss

 

 

 

 

Kontakt oss: Kari Synnøve og Jan Idar Haugen, Austrheim 5574 Skjold, tlf: 52762009, mobil: 91631987, epost: kariveha@online.no
Du finn oss og på acebook.